Kurs: Få styrekompetanse

Skrevet av Cecilie Bannow, publisert 16.01.12 11:10
Ønskjer du formell kompetanse innan styrearbeid? No startar Innovasjon Norge opp at dei populære styrekompetansekursa våre. Søk før 1. februar.

Innovasjon Norge skriver:

 

Eit profesjonelt og mangfaldig styre er avgjerande for ei bedrift sin vekst. Vi har framleis for lite mangfald i norske styrerom, både når det gjeld kompetanse, kjønn, alder og kulturell bakgrunn.

I samarbeid med BI i Bergen ønskjer vi difor å tilby kurs for personar som vil styrke sin formalkompetanse innan styrearbeid. Eigenandelen på kurset er sett til 9 500 kroner.   

Kurset er poenggjevande og bestått eksamen gjev automatisk kvalifikasjon til oppføring i Styrekandidater.no. Det er eit avgrensa antal plassar og søknadsfrist er 1. februar.

Samlingane vil finne stad 28.-30. mars og 23.-24. mai. Eksamen finn stad første helga i juni.


Undervisninga vil føregå på BI Bergen, Campus Marineholmen, Thormøhlensgate 39, 5006 Bergen.

 

Meir informasjon, sjå her

Kommentarer

  • Bli den første til å kommentere